5. februar 2009

Dikt frå guten til jenta

"Nybloggen" min feirer 100-innleggs dag i dag (hipp hurra!). Og som lova kommer da diktet mitt fra adventsfesten til BUF i uforkorta versjon.  Jeg har gått gjennom de fleste versa og redigert litt, fullført de som ikke var ferdig og lagt til enda litt fler. Det tok litt av og til slutt blei det 34 mer eller mindre gode vers (klarer noen å finne de 8 som ble brukt på adventsfesten?). Sånn er det når kreativiteten plutselig strømmer på etter flere års (sånn omtrent 20) fravær. Noen plasser må det nok legges litt godvilje til for å få sammenheng eller rim, men det er tross alt innholdet og ikke forma som er viktig, så dere får tilgi meg det. Men her kommer i alle fall "Dikt frå guten til jenta":

1. Lik blomen på marka den grøne
vil jentene ofte seg løyne 
Dei veks plutsleg opp
frå ein ven liten knopp
til dei vert vakre og skjøne

2. Lik havet det store og vide
let jentene ofte oss lide
det vert ikkje lett
når jenta med ett
ikkje lenger er blide

3. Lik fuglane, gjømd i bak sky
må vi ofte søke om ly
for vert jenta sur
er guten nok lur
om han vekk derfrå kan fly

4. Lik innsjøen stille og klår
er jenta ein tidleg vår
som sola ho skin
ja då er ho fin
og glitrar på plassen ho står

5. Lik sukker og sjokolade
er jentene søte og glade
for tek du ein bit
då vert det eit slit
om du vekk derfrå skal vade

6. Lik regnet frå himmelen blå
vil jentene alltid bestå
dei er alltid der
om enn ikkje nær
når gutane vil på dei sjå.

7. Lik senga så god og så mjuk
er jenta nødvendig i bruk
men ho er mykje meir
ja, om ho slå leir
og bordet føre ho duk

8. Lik talla i ei mattebok
må jenta ei gjømast i krok
ho må settast fram
ho er inga skam
for jenta er absolutt klok

9. Lik barnet i leik med ein katt
vert vi nok ofte betatt
for jenta er vakker
sjølv om ho snakker
ho er vår dyraste skatt

10. Lik glaset det skinnande blanke
er gutane støe og ranke
dei prøver kurtise
for dei vil bevise
at jenta er i deira tanke

11. Lik foreldre med småborn i seng
kan guten vere litt streng
men han elskar ho lell
ho er ideell
for jenta er gutens refreng

12. Lik boka ein les i ei fart
er jenta absolutt smart
men er ho i same rom
då vert guten stum
ja det har han jammen erfart

13. Lik tida minutt for minutt
må jenta aldri ta slutt
for kva vil då skje
ja, guten må be
om at det vert absolutt

14. Lik ballen, den som er rund
kan guten flyge ei stund
for ser ho på han
han trur det gjeng an
ja, han tenker på ho kvart sekund

15. Lik bekken som renn i frå fjell
er jenta ein stille kveld
for når han ho ser
kva er det som skjer
jo, guten for jenta fell

16. Lik ein vakker og ven blomekrans
er jenta i hennar glans
so gutens pasjon
ja hans store von
er ja når han ber ho på dans

17. Lik biletet høgt på ein vegg
vert guten fort som ein klegg
han heng seg nok fast
og er vel trufast
når jenta har rette anlegg

18. Lik snøen den reine og kvite
kan kjærleiken verke så lite
men han er kjempestor
det største på jord
men guten må for han slite

19. Lik vegar med fortauskant
er jenta litt ujamn i blant
men likevel
har guten alt hell
om han den rette fant

20. Lik sølv, gull og diamant
er jenta meir enn kurant
ho er vel perfekt
so god som konfekt
og tenk om du ho vant

21. Lik ljoset som glitrar og skin
er jenta vakker og fin
ja, tenk om ein dag
til ditt velbehag
at jenta skulle bli din

22. Lik studenten som prøva tar
tør guten ei be om eit svar
for han veit jo ei
om jenta sir nei
for då vil han føle seg rar

23. Lik ein gammal og ustemt gitar
so kjenner guten seg rar
ja det aller beste
var å få stadfeste
at ho også kjensler har

24. Sjølv med alle språka på jord
kan guten ei finne ord
for kva skal han sei
han er redd for nei
og berre på jenta glor 

25. Lik hjartet som slår og som slår
har guten særs gode kår
viss han når han spør
den dagen han tør
får ja frå ho som ved han står

26. Lik isen som stille smeltar
er hjartet til kvar ein kar
når han jenta finn
og legg kinn mot kinn
for då vert dei eit par

27. Lik bølgjer som slår imot strand
gjev jentene ofte motstand
men guten vert glad
og har god lagnad
når dei gjeng hand i hand

28. Lik songen den sterke og klåre
er jenta til å bedåre
og får du eitt ja
då vert du vel glad
frå auge det fell då ei tåre

29. Lik lynet som himmelen splittar
er jenta der ho sit og glitrar
ho skin som eit lys
den dag ho tilbys
ein ring so dyr og so kostbar

30. So blid som ei syngjande lerke
og ven det kan du vel merke
er jenta den dag
når guten ho drag
opp trappa til næraste kjerke

31. Lik vegen som aldri tek slutt
er kjærleiken absolutt
har han jenta kjær
kan ei ein stor hær
skille jenta frå gut

32. Lik pengar og klirrande mynt
er jenta meir verdt enn all pynt 
den største verdi
det kan ein vel si
men det vert vel kanskje for tynt

33. Men guten vil til slutt sei
at han vil ho ha på sin vei
ho er veldig viktig
og om alt gjeng riktig
då vert det vonleg dei

34. No gjeng dette diktet mot sluten
men det kjem nok eit ord i frå guten
for jenta ho er
den han har mest kjær
han kan ikkje vere foruten

Dagens bibelvers:

"Men nå blir de stående disse tre: tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten." 1.Kor 13,13

5 kommentarer:

Jacob sa...

fantastisk!

Maria og Erlend sa...

veldig bra, Kristoffer!

Eg vente på lovsangsdansen enda...

Kristoffer Stige sa...

Gi opp! :D

Anne Gørill sa...

wow! Imponert!

Tænke gutta virkeli på den måtn om jeinte altså..?:)
så søtt!:p

Kristoffer Stige sa...

Jeg kan ikke snakke for alle gutter. Men innerst inne er det vel ett eller annet som skjuler seg. Vi er bare ikke så flinke til å vise det / snakke om det. :)