7. juni 2012

Kor mykje stort

Kor mykje stort, kor mykje gildt, kor mykje herlegdom
dei unge får som kjem til Gud og tidleg vender om,
når bare Jesus vinna får det unge hjarta fullt,
og allting opp i dagen ligg, og ingenting vert dult!

Refr:
Fryd, ja ungdomsfryd vår Frelsar no oss byd,
vi derfor kjem som dogg i glans
kring Kristi kross i krans.
Og bøygd for Herren syng eg her i frelsens stråleskrud:
Det venaste syn som eg får sjå, er unge på kne for Gud.

All ungdomsglede rik og stor frå frelsekjelda flyt,
Guds ord med all sin herlegdom vi unge sanna lyt.
Ved synet av hans kjærleik stor vi ikkje anna kan
enn syngja ut vår ungdomsfryd, vi vil til livsens land.

Lat andre seia kva dei vil, vi dreg no likevel
til livsens land, for der vi veit er fridom for vår sjel,
og kraft vi finn på kne for Gud å stå i striden her.
Så lat då spotta kven som vil, vår Gud vår Frelsar er!

Og ungdom, du som spørja må om dette lukka er,
å, bare kom til Jesus du, så visst du røyner der
at han kan herleg løysa opp den mørke gåta di!
Den dag du bøyer hjartans kne, du vert i sanning fri.


T: Matias Orheim 1903, 1908


Dagens bibelvers:
"Tenk på din skaper i din ungdoms dager, før de onde dagene* kommer, og det lir mot de år da du må si: Jeg har ingen glede av dem," Fork 12,1

Ingen kommentarer: