13. november 2011

Den sælaste lukka

Den sælaste lukka i livet vart di
den gong du til Jesus fekk gå.
Han makta å tilgi og gjera deg fri.
Men sa du til andre ifrå?

Refr.:
Kvi sa du då ikkje ifrå
om det du hos Jesus fekk sjå?
Kor kan dei vel koma til trua
om ingen vil seia ifrå?

Og hjarta ditt burde då fortare slå
ved Golgata-kjærleikens brann.
I barmen din burde det brenna ein trå,
at alle må høyra om Han.
Refr.

Og Frelsaren lit på deg, det veit du vel,
og derfor han bad deg å gå:
Eg byd dykk at de om mitt rike fortel
som først fekk min herlegdom sjå!

Refr.

T: Bjarni Eyjolfsson 1942
O: Trygve Bjerkrheim 1947

Dagens bibelvers:
"Men hvordan kan de påkalle en som de ikke er kommet til tro på? Og hvordan kan de tro på en som de ikke har hørt om? Og hvordan kan de høre uten at det er noen som forkynner?" Rom 10,14

Ingen kommentarer: